#bupåSandsøya

På denne sida finn du intervju med personar som har valt å busette seg på Sandsøya eller Voksa, der dei fortel om kvardagen, fritidssyslar og andre aspekt ved å leve i havgapet – rett og slett; gode grunnar til å bu på Sandsøya!

Følg #bupåSandsøya på Facebook-sida Bu på Sandsøya og på Instagram bupasandsoya.


” Eg har ein draum om å bygge mitt eige hus på Sandsøya, og skissene har eg allereie laga.

Namn: Eirik Voksøy Bringsvor

Alder: 24

Jobb/skule: Dagleg leiar i Bringsvor Bygg AS, deltidsstudier ved Fagskolen Innlandet

Sivilstatus: Singel

Kvifor har du valt å busette deg på Sandsøya/Voksa?

For min del har det aldri vore eit alternativ å busetje meg nokon annan stad. Kjærleiken til heimstaden min har fram til no vore større enn nokon annan. Difor valte eg ei utdanning og eit yrke som eg visste kunne la seg utøve på Sandsøya og Voksa. Det eg set mest pris på her, er at det er roleg rundt oss, med lite biltrafikk, lite støy og mykje frisk luft. Eg elskar at vi er så nær naturen, med fjella og havet like ved kvarandre. Sandsøya er som ei eiga verd i miniatyr – det er så mange ulike vinklar og perspektiv.

Kva er det beste med å bu her?

Det beste er at vi har det roleg i kvardagen, og at vi slepp mykje av den elendigheita med kriminalitet og liknande som dei har på større stadar. Her hos oss er det trygt å vekse opp, og trygt å bu.

Kvar jobbar du, og korleis er reisevegen/tida dit?

Eg jobbar for tida rundt om på ulike plassar på Sandsøya og Voksa. Eg har masse arbeid i tida framover. Reisetida er maksimalt fem minutt ein veg. Og då slepp eg nokon form for kø…

Kva utfordringar er det med å bu på Sandsøya/Voksa, og kva er løysinga på dei?

Mange meiner at tungvint å bu på ei øy som vi gjer, fordi ein må reise for å gjere diverse ærend. Løysinga på det er at vi planlegg fleire ting når vi først reiser. Det er også ein positiv ting med å bu her – vi blir ikkje frista til å reise på shopping for ofte! Så lenge vi har daglegvarebutikken, har vi det som er nødvendig.

Ei anna utfordring er at vi ikkje kan velje fritt kva fritidsaktivitetar vi er med på. Det er ikkje mykje å gjere med det, men sannheita er vel at dei fleste vaksne ikkje har særleg mykje tid til å vere med på aktivitetar jamnleg. Men det går fint an å ta seg ein tur enten i helgene eller ein kveld i kvardagane.

Kva fritidsaktivitetar benyttar du?

Eg driv med trening innan fjelløping, og har dermed alt eg treng på Sandsøya. Åtte-ti-tolv gongar i året reiser eg på konkurransar, som oftast er i helgene. Eg bruker også treningsstudioet av og til.

Korleis ønskjer du at framtida skal sjå ut på Sandsøya/Voksa, for deg personleg?

Eg ønskjer at det kjem nokre småbarnsfamiliar, slik at det vert nok elevar på skulen til at den kan bestå, og miljøet for kvar enkelt er stort nok. Eg skulle også gjerne hatt nokre få personar ekstra med liknande interesser som meg. Eg har ein draum om å bygge mitt eige hus på Sandsøya, og skissene har eg allereie laga. Men planane ligg inntil vidare på is – for eg gjer det ikkje åleine.


” Ja, det er ei øy. Ja, vi er avhengig av ferge. Men likevel så fri.

Namn: Simone Slettestøl

Alder: 30

Jobb: Driftsteknikar hos Mowi Norway avd. Voravika

Sivilstatus: Forlova/sambuar

Kvifor har du valt å busette deg på Sandsøya?

– For det er reine paradiset i mine auge! Frå eg går i land på Voksa får eg ein type sjelefred eg ikkje finn andre stader. Her er eit så godt miljø blant lokalsamfunnet, både når det gjeld dugnad til sosiale arrangement og hjelpe kvarandre i enkelttilfelle. Sandsøya er ei øy for alle, der alle er velkomne.

Kva er det beste med å bu her?

– Til tross for at det er ei øy i havgapet, så er du aldri aleine her. Ein tur på butikken å du har ein god samtale resten av dagen. Her er fjellturer og stier uansett kvar du snur deg. Og for meg som har stor interesse for fiske og jakt, så er det her heile året, i godt lag med ein god gjeng!

Kvar jobbar du, og korleis er reisevegen/-tida dit?

– Eg jobbar midt på sjøen, uti fjorden her, på eit merdeanlegg. Vi pendlar ut med båt, så eg har ikkje samme type pendling som dei andre her på øya. Til landbasen på Marøya (mellom Sandsøya og Voksa), er det berre 8-10 minutt å køyre for meg.

Kva utfordringar er det med å bu på Sandsøy/Voksa, og kva er løysinga på dei?

– Vi har nettopp fått ei jente, som no er åtte veker. Utfordringa for oss er sjølvsagt jamnaldra born. Vi vil ikkje at ho skal vekse opp aleine. Satsar og håper at der kjem tilflytta unge vaksne, og barnefamiliar!

Kva slags fritidsaktivitetar benyttar du?

– Det går som sagt i fiske og jakt! Vi er ein god gjeng på jakt, der vi speider og tel hjort heile året, og samlast når jakta begynner, og deler “broderlig” på fangsten! Fiske blir benytta til kvar ei anledning! Krabbe- og hummarteiner blir brukt flittig i dei lovlege tidsromma. Så meldte eg meg inn på det splitter nye treningssenteret i januar. Kanskje på tide eg tek ein tur.

Korleis ønsker du at framtida skal sjå ut på Sandsøya/Voksa, for deg personlig?

– Eg vil at fleire folk skal få vite om Sandsøya. Eg trur problemet ligg i at folk både her omrking, og langt vekke, ikkje veit om vårt lille stykke paradis. Her er idyll både sommar og vinter. Eg vil, eg ønsker og håper, at folk kan få sett det. At folk tørr å satse! Ja, det er ei øy. Ja vi er avhengig av ferge. Men likevel så fri.


” Eg håper dattera vår får den same gode oppveksten og minna etter dette som eg hadde då eg vaks opp her ute.

Namn: Karina Beate Skare Longva

Alder: 29

Jobb: Prosjektleiar for “Jobbsjansen for unge vaksne” i Vanylven kommune

Sivilstatus: Forlova, eitt barn

Kvifor har du valt å busette deg på Sandsøya/Voksa?

– Eg er vaksen opp her ute, men flytta på hybel etter ungdomsskulen. At vi busette oss her ute var eigentleg ganske tilfeldig. Det kom eit gardsbruk til sals på øya, vi for på visning og fekk kjøpe det. Vi angrar ikkje eit sekund på at vi flytta tilbake hit ut.

Kva er det beste med å bu her?

– Vi har begge familien vår i nærleiken, her er eit godt samhald på øya blant vaksne og yngre, og det er ein trygg og god plass å vekse opp på. Sandsøya gir meg også fred i sjela, og det er ikkje lange vegen for å kome seg til meir sentrale stadar. Det er heller ikkje langt å pendle over fjorden til jobb. Kulturmessig er det også nært til både Ulsteinvik og Fosnavåg som stadig har mykje konsertar og liknande.

Vi har blitt så godt tatt i mot og inkludert her ute og vi kunne ikkje tenkt oss ein annan plass å bu.

Kvar jobbar du, og korleis er reisevegen/-tida dit?

– Eg arbeider i Vanylven kommune. Det er om lag 10 min med ferje og 20 min å køyre ein veg. For meg er det heilt ideelt då eg får tid for meg sjøl etter arbeid og får “tøme hovudet” til eg kjem heim.

Kva utfordringar er det med å bu på Sandsøya/Voksa, og kva er løysinga på dei utfordringane?

– Den aller største utfordringa for meg er at her ikkje er så mange barn på døtra vår sin alder, og ikkje minst at skulen er trua å leggjast ned. Løysinga er rett og slett å få fleire småbarnsfamilier til å busette seg her ute så her kjem fleire barn. Eg tykkjer det er heilt fabelaktig den innsatsen som no vert lagt inn for å få småbarnsfamilier og fleire yngre vaksne til å busette seg her ute.

Kva fritidsaktivitetar benyttar du?

– Eg er veldig glad i musikk,så eg spelar i hornmusikken og syng og spelar på dugnadskonsertar. Døtra vår vart fødd i byrjinga av mai, så stort sett det aller meste av tida vår går no til henne. Elles er eg veldig glad i å nytte naturen her ute og gler meg også til å prøve ut treningssenteret.

Korleis ønskjer du at framtida skal sjå ut på Sandsøya/Voksa, for deg personleg?

– For min del ynskjer eg og håper at her kjem fleire på vår alder å busett seg, gjerne med barn. Eg håper at skulen på denne måten vert redda og at dattera vår får den same gode oppveksten og minna etter dette som eg hadde når eg vaks opp her ute. Eg håper også at Sandsøya får fastlandssambandet snarast. Vi har venta på sambandet i mange, mange år no, og eg håper at vi vert innvilga dette sambandet. Eg trivast svært godt her ute, Det er snerten å pendle til arbeid, og eg håper vi får bu her så lenge som mogleg!


#bupåSandsøya