Fritid: Aktivitetstilbod

Her finn du oversikt over fritidsaktivitetar du kan ta del i, frå Sandsøy/Voksa. Dei fleste tilboda som er med i denne oversikta, er lokalisert på dei to øyane våre. I tillegg har i tatt med nokre andre aktivitetstilbod, som er innan rimeleg reiseveg frå Sandsøy/Voksa.

 

 


Bygdekinoen

Viser filmar (ein for barn og ein for vaksne) på forsamlingshuset Dollstun vanlegvis ein laurdag ettermiddag kvar månad.

Oversikt Bygdekinoen Dollstun.

 


For oversikt over enkelthendingar, sjekk Facebook-gruppa “Det skjer på Sandsøy/Voksa” og vår eigen portal “Kva skjer?“.

 


Treningsstudio

Dette finn du på klubbhuset ved idrettsbana, syd på Sandsøya. Det er idrettslaget som eig og driv treningsstudioet.

Informasjon her: http://sandsoyil.no/treningsstudio/

 

 


Hornmusikk

Sjekk Facebook-sida til Sandsøy Hornmusikk.

 

 


Dametreff

Ein gjeng damer treffast på Dollstun vanlegvis ein kveld i veka. Mannfolk er også velkomne, seier dei. Her kan ein ta med fritidssyslar som strikketøy eller liknande, eller berre bruke snakketøyet og vere sosial.

Følg med på Facebook-gruppa “Det skjer på Sandsøy/Voksa” eller ta kontakt med oss for info om kva tid det er treff!

 


Trimløyper i fjell og fjøre

Trimtilbodet til Sandsøy Idrettslag.

 

 


Søndagskafé

Med ujamne mellomrom er det søndagskafé på Fiskarheimen, arrangert av huset sjølv eller i samarbeid med andre.

Slike hendingar vert annonsert på Facebook-gruppa “Det skjer på Sandsøy/Voksa”.

 


Aktivitetskveld på Oshaugane Stadion

Sandsøy Idrettslag arrangerer av og til aktivitetskveld på idrettsbana ved klubbhuset, der folk i alle aldrar kan bli med på aktivitetar som fotball, volleyball med fleire.

Dette vert i såfall annonsert på Idrettslaget si heimeside, Facebook-sida til SIL og/eller på “Kva skjer?”-portalen vår.

 


For oversikt over enkelthendingar, sjekk Facebook-gruppa “Det skjer på Sandsøy/Voksa” og vår eigen portal “Kva skjer?“.

 


Quiz på Dollstun

Ungdomslaget arrangerer av og til quiz-kveldar på Dollstun. Følg med på Sandsøy Frilynde Ungdomslag si Facebook-side.

Slike hendingar vert annonsert under “Kva skjer?” her på sandsoy.no.

 


Ballbingen

Ballbingen ligg ved skulen, og er mykje brukt av ungdom og barn på Sandsøy/Voksa.

 

 


Klatretårnet

På skuleplassen er det eit 5-6 meter høgt klatretårn, som vart sett opp i 2014.

 


Hakallegarden

Besøksgard for store og små, i Sandvika i Vanylven. Ferje til Åram (15 minutt), og ca. 5 minutt med bil.

Meir informasjon: http://www.hakallegarden.no/

 


Fosnavåg Konserthus

Kino og konsertar. Ferje til Larsnes (30 minutt), og ca. 45 minutt med bil.

Meir informasjon: https://fosnavagkonserthus.no/

 


Sunnmørsbadet

Badeland på Bergsøya, nær Fosnavåg. Ferje til Larsnes (30 minutt), og ca. 45 minutt med bil.

Meir informasjon: http://www.sunnmorsbadet.no/

 


Sjøborg kulturhus + kino

I Ulsteinvik. Ferje til Larsnes (30 minutt), og ca. 45 minutt med bil.

Meir informasjon: http://www.sjoborg.no/

 


Ulstein Arena

Badeland, klatrehall.

Meir informasjon: http://www.ulsteinarena.no/ulsteinbadet/http://www.ulsteinarena.no/klivrehallen/

 


Stad Surfing

Kurs og utleige av utstyr til surfing, i Hoddevika på Stadlandet i Selje kommune. Ferje til Åram (15 minutt), og ca. 1,5 time med bil.

Meir informasjon: https://www.stadsurfing.no/

 


For oversikt over enkelthendingar, sjekk Facebook-gruppa “Det skjer på Sandsøy/Voksa” og vår eigen portal “Kva skjer?“.