Velkomen til Sandsøya og Voksa!

“ Eg veit ei øy der nord om Stad, ho ligg meg ljost i minne

ho gjer meg tankefull og glad, når eg ho ser der inne.

Ho løyser lengten sine band,

og hugen min ho set i brand

så eg kan heimen finne.

 

 

Sandsøya og Voksa ligg ytst på søre Sunnmøre, med Vestkapp og Stadhavet som næraste nabo. Sandshamn var i tidlegare tider ein viktig handelsstad, og Sandsøya hadde på 1960-talet over 500 innbyggjarar. I dag er dette talet omtrent halvert.

 

“ Og Sandsøy, det er namnet ditt, det namnet ei deg skjemmer,

for du ligg nokså vent og fritt, og havet blidt deg femner.

Til vern for deg ikring deg der,

ligg holmar mange, fall og skjer,

der mellom båtar stemner.

 

Likevel er det mykje som skjer på Sandsøya og Voksa gjennom året, og det vesle øysamfunnet kan dessutan vere stolt av ein skule der borna har trivest godt i alle år. Sandsøya og Voksa er ein trygg stad å vekse opp.

 

 

No står dei ytre øyane i Sande kommune ved eit vegskilje. Dei siste tiåra har det vore ein negativ trend med fråflytting, med bakgrunn i dei store sentraliserings-mekanismene som dominerer Norge generelt.

Bygdefolket står i desse dagar meir samla enn på lang, lang tid, i eit forsøk på å få pilene til å peike oppover igjen. Ikkje fordi vi absolutt må, i verdas rikaste land, men fordi vi så veldig gjerne vil – vil leve det gode liv, på verdas vakraste øy.

 

 

“ Og fjella, dei er nakne, grå, av sjødrev ifrå vest,

og dei skal ikkje falle frå, før siste auga brest.

Dei vil stå vakt mot vondt og stygt,

så du kan liggja lunt og trygt, 

og vera meg ein gjest.

 

 

“ Ja, kvil, mi øy, i heilag ro, og ver min heimestad,

kom i mitt minne no og då i dette vesle kvad.

Fyll du mitt sinn i kjærleiks glo,

så livet vekse kan og gro,

av det som moder bad.

Sandsøy-songen

Tekst og melodi: Arnfinn Bringsvor