nnoengger

Sandsøy/Voksa!
- et eldorado for rekreasjon og opplevingar både på sjø og land.

Dollsteinhola
- ei av dei største og merkelegaste fjellholene i Noreg. Den er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid.

Kong Arthur Spelet
- eit humoristisk frilufts-
teater der du møter folket kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan

kart22feb.jpg

Kong Arthur - spelet

 

Historien om Kong Arthur

Kong Arthur (490-545) er en befestet sagnfigur i britisk-, fransk- og nordiske kilder.
Han ble kronet i Wales 15 år gammel og hans setested het Camelot.

Etter et berømmelig liv ble han såret i slaget ved elven Camlan i Cornwall i året 542. Han var også konge over Havlandet, og etter at han ble såret dro han med skip ut på Havet, til Marr eller Mer, som var den tids betegnelse på Norge/Møre. Her hadde han sitt sete på Kongsvollen ved Earnaness (ørneneset) ved Arihaugane (ørnehaugane) på øya Dol (bord på keltisk), som i dag heter Sandsøy. Excalibur, kong Arthurs berømte sverd, mottok han fra Fruen i Havet.

Kong Arthur var sønn av den norskættede kongen Olav Ring og arvet Ringskatten og Havet (Norge/Møre).
I sagnene heter det at Ringskatten også inneholdt Den Hellige Gral og at denne ble gjemt i Dolsteinhola (nordens største fjellhule) under fjellet Rinden på øya Dol (Sandsøy). I kampen om skatten falt Kong Arthur (Harald Olavsønn) for Wiglaf som var hærmann under Beowulf, konge av Geatland (landet øst for Oslofjorden).

Om spelet

Spelet er Sande kommune sitt tusenårsprosjekt, og var framsynast på nytt 14. og 15. august 2010. I dette humoristiske friluftsteateret møter vi folket på og kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan. Manusforfattarar er Odd Kåre Wiik, Arild Sande, Astrid Saure, Brit Gurskevik og Oddbjørn Hagen, som også er regissør. Musikken er ny i år og er laga av Nils Iver Holtar.

Enkelte deler av manuset endrar seg frå år til år og kombinerer gamle segn med nyare konflikter og problemstillingar.
Manusforfattarane legg stor vekt på språket og har krydra dette med mange gamle lokale ord og uttrykk.

Arbeid, overtru, mystikk og trugande påtrengarar er kvardagen i ei tid der impulsane frå framande kulturar har starta sitt inntog.

”Riddarar av det runde bord” var, i følgje legendene, på Sandsøya (Dollsøy) for å leite etter "Ringskatten" og Den heilage Gral. Skatten skal, i fylgje forskarar, vere gøymd i Dollsteinhola av Olav Ring (Arthur sin far).
Folketru og segn fortel at skatten i hola vert vakta av jøtulen Bruse. Som populærfigur kan vi i dag oppleve Arthur i fleire filmversjonar, kanskje mest kjend som Kong Arthur i dei kjende Monty Python-filmane og sist i filmen "King Arthur".

I oldtidssagaer står det mellom anna skrive at Kong Arthur rådde over store landområde. Eit av desse områda vart kalla Havlandet, og mange meiner i dag at det er Møre. Arthur vart hærførar av Britannia etter å ha drege sverdet "Excalibur" ut av steinen det stod i.

Arthur sin næraste rådgjevar, trollmannen Merlin, var med på kongen sine reiser, også då han enda sine dagar på øya der skatten ligg. Kongen møter kjærleik, motstand, svik og siger på sine reiser. Med seg på si siste reise har han og ei gruppe nonner som pleier han etter at han tapte og vart såra i siste kampane i heimlandet.

 

 

 

 

Sjå meir http://www.kong-arthur-spelet.no