nnoengger

Sandsøy/Voksa!
- et eldorado for rekreasjon og opplevingar både på sjø og land.

Dollsteinhola
- ei av dei største og merkelegaste fjellholene i Noreg. Den er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid.

Kong Arthur Spelet
- eit humoristisk frilufts-
teater der du møter folket kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan

kart22feb.jpg

Sandsøy Frilynde Ungdomslag

 

dollstun.jpg

Litt historie

I 1880 åra var det på Sandsøya mange ulike lag i aktivitet. Samtalelag, leselag, fråhaldslag, kristeleg ungdomsarbeid for å nemne nokre. Det gjekk også fleire kristelege vekkingar. Den kjende Per Riste var lærar og klokkar på Sandsøya den tida. Han hadde ei sterk nasjonal kjensle og kjempa for landsmålet. Hans innsats prega miljøet også etter at han reiste.

Oppi alt dette tok mange til å snakke om å starte eit frilyndt ungdomslag. Laget skulle vere utan styre. Det skulle veljast ein dirigent for kvart møte. Berre ugifte skulle vere medlemar, og møta skulle ikkje vere opne. Dette fekk stor oppslutning og ungdomen samla seg der. Dette var ifylgje Frans J. Olsen opptakta til Sandsøy Frilynde Ungdomslag som vart skipa 3.juli 1892.

I 1898 vart det vedteke lover for laget. Føremålet skulle vere "at udbrede sund opplysning blandt undommen - ved opplesning af bøker og blade, samtaler og diskusjon og forresten alt som kan hæve ungdommen i moralsk henseende". Politikk og kristendom skulle ikkje vere diskusjonsemne.

Alt frå starten hadde laget det handskrivne bladet "Glimt". Alle kunne skrive anonymt i bladet noko som "var mange til forargelse" som det står i referat frå møte i 1898. Bladet eksisterar den dag i dag og har vore ein fornøyelse for dei fleste og til forargelse for nokre få.

Programstoffet endra seg ettersom tidene gjekk. Skodespel og leik er nemnt i referat frå 1898. Laget måtte dei første åra leige eller låne lokale for aktivitetane sine. Ofte nytta ein skulen, men også private hus vart nytta. Laget var ikkje godt likt av alle og det kunne difor vere vanskeleg å finne høvelege lokale til alle aktivitetane. I 1920 tok ein til å samle inn pengar med tanke på å bygge eige hus. Ved hjelp av dei innsamla midlane og mykje dugnad sto ungdomshuset Dollstun ferdig i 1928.

Det vart eit flott hus med særpreg. Mange var med og tok eit tak , men spesiellt må nemnast arkitekt og byggmester Ditlef Bringsvor og sonen Ingvald Bringsvor. Utvendig har huset vorte litt forandra, men innvendig står det omlag slik det vart bygd i 1928. Huset har fungert som samfunnshus alle desse åra.

Det seier seg sjølv at eige hus gjorde det enklare å drive laget. Aktiviteten var stor og mest alle sandsøyarar har vore medlemer i ungdomstida. Dette gjer at laget og huset har ein spesiell status i bygda. "å vera frilynd er ikkje det same som å vera målmann, heller ikkje venstremann, endå mindre høgremann, men det er å kunna forstå og tilgi at grannen snyter nasen sin på ein annan måte enn ein sjølv." sa ei 16 åring."Ungdomslaget gjorde i det heile ei god kulturteneste med tilskipingane sine og med programarbeidet." - skriv Bjarne Rabben i Sandesoga.

Styret i SFUL 2013
Leiar:               Vebjørn Strømsnes      91156355
Nestleiar:         Monica Sandsbakk       90234728
Kasserar:         Brit Synnøve Våge       91549415
Skrivar:            Anne-Lise Johansen    41299833

Styremedlem:  Ruth Vilkauskiene        46593503