Sandsøy Idrettslag

Idrettslaget vart skipa i 1972, og er i dag den organisasjonen på Sandsøy/Voksa med flest medlemmer. I 2017 var talet 80. Sandsøy IL har dei seinare åra hatt fotballag i aldersbestemte klasser, dei organiserer trimpostar på fjell og i fjører, og har eige treningsstudio som alle kan abonnere på.

Det største arrangementet gjennom året er Sjutoppsturen på langfredag i påska.

Du kan finne mykje meir informasjon om idrettslaget på deira eigne nettsider sandsoyil.no.