Sandsøy og Voksa Grendalag

Sandsøy og Voksa Grendalag har som formål å jobbe med saker som gagnar bygdene. Alle røysteføre på Sandsøy og Voksa er medlemmar av laget.

 

Styret i grendalaget for 2019 er følgjande:

Leiar: Bjørn Thore Hansen.

Skrivar: Ragnar Kvamme.

Styremedlemmer: Anne Bjørg Bringsvor, Pavel Skobelev og Jan Even Longva.

Ta kontakt med oss dersom du har saker eller gode idear til kva vi kan jobbe med.

 

Vedtektene til laget:

1. Laget skal arbeide med saker som gagnar bygda vår.
2. Laget skal, gjennom styret, ha ansvar for nødvendig kontakt med styringsorgana i kommunen.
3. Alle røysteføre personar på Sandsøy/Voksa er medlemar i laget.
4. Saker av vesentleg betydning legg styret i Grendalaget fram på medlemsmøte.
5. Styret kallar saman til minst 3 medlemsmøte, i tillegg årsmøtet, kvart år.
6. Årsmøte skal haldast før 1.mars. *
7. Styret i laget er samansett av 5 medlemar + 3 varamedlemar, alle valde på årsmøtet.
8. Ved fyrste val vert 3 styremedlemar valde for 2 år, dei andre 2 blir valde for eitt år.
9. Leiar og nestleiar blir valde ved eige val og for eitt år om gongen.

* Endra på årsmøte i 1998.