nnoengger

Sandsøy/Voksa!
- et eldorado for rekreasjon og opplevingar både på sjø og land.

Dollsteinhola
- ei av dei største og merkelegaste fjellholene i Noreg. Den er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid.

Kong Arthur Spelet
- eit humoristisk frilufts-
teater der du møter folket kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan

kart22feb.jpg

Sandsøy & Voksa Sogelag

museum.jpg

Breidablik bygdemuseum

 

Breidablik bygdemuseum ligg ved Øvstevegen på sørsida av Sandsøya.

Huset er den gamle skulen som vart bygd i 1898 og som heitte Breidablik skule. Då ny skule vart teken i bruk i 1962 kom huset i privat eige, men vart i 1996 gitt til Sandsøy og Voksa sogelag av Aslaug Sande.

Sogelaget har gjennom dugnad, gåver og tilskot sett huset og området i god stand. Her er samla ein god del bruksting, bilete, skrifter og innbu frå eldre tider.

Museet er ope søndag ettermiddag om sommaren. Det er då også høve til å få seg kaffi, vafler og is samstundes som ein kan støtte laget ved å kjøpe lodd i ein tombola laget har gåande.

Utanfor museet er det sett opp eit lite "anneks" der det er utstilt ein utstoppa bukk som høyrer til villgeitstammen som held til på Sandsøya.

 

Dersom ein ønskjer å vitje museet utanom oppsette tider kan ein ta kontakt på telefon 95 14 39 88.

 

Vel møtt på Breidablik bygdemuseum!

7.jpg
6.jpg
5.jpg
4.jpg
3.jpg
2.jpg
1.jpg