nnoengger

Sandsøy/Voksa!
- et eldorado for rekreasjon og opplevingar både på sjø og land.

Dollsteinhola
- ei av dei største og merkelegaste fjellholene i Noreg. Den er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid.

Kong Arthur Spelet
- eit humoristisk frilufts-
teater der du møter folket kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan

kart22feb.jpg

Dyre-/fugleliv

Svartglente (Bildet t. v. ) Foto: Ingar Støyle Bringsvor
Svartglente (Bildet t. v. ) Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Fuglar på Sandsøya/Voksa

På øyane har det blitt observert over 200 forskjellige fugleartar. Alt frå heilt vanlege artar til nasjonale sjeldenheiter. På Sandsøya og Voksa er det mange forskjellige habitat. Alt frå sandgrunner til frodige plassar med gras og busker. Og det er nettopp dette som gjer øyane så bra. Nesten alle fugleartar kan dukke opp. Ja, det er nesten berre fantasien som set ein stoppar for kva det kan vere!

Øyane har noko å by på året rundt. Alt frå nattsongarar om sommaren, til måsar, lommar og dykkarar om vinteren. Eller kaskje vadarar på trekk om hausten...

Her er nokre plassar det kanskje er verdt ein "sjekk" skulle du vere på øyane!

Sandshamna

Her er det på gode dagar store antall med måsar. Dette er når det er bra aktivtet på fiskemottaket. Den største aktiviteten er frå januar til og med april. Og det er dermed også desse månadane det er flest måsar og sjå. I vinterhalvåret er det ein god del polarmåsar og grønlandsmåsar. Dette er då fuglar som overvintrar langst norskekysten. Men det er ikkje berre ”kvitmåsar” som har blitt observert. Sandshamna er faktisk berre den 4. plassen i Norge som det er blitt sett både kaspi- og gulbeinmåse. Begge desse er nasjonale sjeldenheiter, med berre ca. 20-25 funn i landet.

 

Voksevegen

Voksevegen er vegen som bind saman Voksa og Sandsøya. Her er det fint å sjå etter sjøfuglar i vinterhalvåret. Dette kan vere artar som islom, gulnebblom, toppdykkar, gråstrupedykkar, dvergdykkar, og teist for å nemne nokre. Flesteparten av fuglane held seg på Sørvest-sida av vegen, i havområdet mellom Sandsøya, Voksa, Kvamsøya og Riste.

Voksa

Voksa viser sitt fulle potensiale særleg om våren, sommaren og hausten. Men sjølvsagt er det fugl å sjå året rundt. Her er årleg åkerrikse, samt grashoppesongarar og vaktel. Det er faktisk på Voksa dei einaste hekkefunna av grashoppesongar i Møre og Romsdal er gjort. Ellers så er det ein bra stad for å finne sjeldne og uvanlege fuglar på hausten. Årleg blir det sett tartarpiplerke, mendan den mykje sjeldnare mongolpiplerka har blitt sett ein gong. Døme på andre uvanlege artar som har vorte observert er vannrikse, myrrikse, elvesongar, trelerek og myrhauk for å nemne nokre. Men ”alt” kan sjølvsagt dukke opp!

Her er nokre fleire av dei uvanlege/sjeldne fuglane som har blitt sett på Sandsøya og Voksa. Skjestork, snadderand, knekkand, balearlire, svartglente, sivhauk, svartehavsmåse, trelerke, rørsongar osv.

Kanskje kan du finne noko heilt nytt?

 

På denne sida blir det lagt ut bilder og observasjonar frå øyane! http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/

Islom

Foto: Ingar Støyle Bringsvor
Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Grashoppesongar

Foto: Ingar Støyle Bringsvor
Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Kaspimåse

Foto: Ingar Støyle Bringsvor
Foto: Ingar Støyle Bringsvor