Ein av ridderane (kong-arthur-spelet.no).

Kong Arthur-spelet

Kong Arthur-spelet vart starta som Sande kommune sitt tusenårsprosjekt, og har vorte synt fram andre helga i august meir enn 10 av åra sidan år 2000. I dette humoristiske friluftsteateret møter vi folket på og kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan. Neste utgåve skal etter planen gå av stabelen i august 2019.

Enkelte deler av manuset endrar seg frå år til år og kombinerer gamle segn med nyare konflikter og problemstillingar.
Manusforfattarane legg stor vekt på språket og har krydra dette med mange gamle lokale ord og uttrykk.

Arbeid, overtru, mystikk og trugande påtrengarar er kvardagen i ei tid der impulsane frå framande kulturar har starta sitt inntog.

Sjå meir http://www.kong-arthur-spelet.no

 

Historia om Kong Arthur

Kong Arthur (490-545) er ein befesta segnfigur i britisk-, fransk- og nordiske kjelder. Han vart krona i Wales 15 år gammal og setestaden hans heitte Camelot.

Etter eit berømmeleg liv vart han såra i slaget ved elva Camlan i Cornwall i året 542. Han var også konge over Havlandet, og etter at han vart såra, drog han med skip ut på Havet, til Marr eller Mer, som var den tida sitt namn på Norge/Møre. Her hadde han sitt sete på Kongsvollen ved Earnaness (Ørneneset) ved Arihaugane (Ørnehaugane) på øya Dol (bord på keltisk), som i dag heiter Sandsøy. Excalibur, kong Arthur sitt berømte sverd, mottok han frå Fruen i Havet.

Frå venstre: Trollmannen Merlin, nonnene, Frid og Kong Arthur (kong-arthur-spelet.no).

Kong Arthur var son av den norskætta kongen Olav Ring og arva Ringskatten og Havet (Norge/Møre). I segna heiter det at Ringskatten også inneheldt Den Heilage Gral og at denne vart gøymt i Dolsteinhola (nordens største fjellhole), under fjellet Rinden på øya Dol (Sandsøy). I kampen om skatten fall Kong Arthur (Harald Olavsønn) for Wiglaf, som var hærmann under Beowulf, konge av Geatland (landet aust for Oslofjorden).

Kjelde:

 

Om spelet

”Riddarar av det runde bord” var, i følgje legendene, på Sandsøya (Dollsøy) for å leite etter “Ringskatten” og Den heilage Gral. Skatten skal, i fylgje forskarar, vere gøymd i Dollsteinhola av Olav Ring (Arthur sin far). Folketru og segn fortel at skatten i hola vert vakta av jøtulen Bruse. Som populærfigur kan vi i dag oppleve Arthur i fleire filmversjonar, kanskje mest kjend som Kong Arthur i dei kjende Monty Python-filmane og sist i filmen “King Arthur”.

Frå venstre: Frid, Dondrå og Isak av Dollsøy (kong-arthur-spelet.no).

I oldtidssagaer står det mellom anna skrive at Kong Arthur rådde over store landområde. Eit av desse områda vart kalla Havlandet, og mange meiner i dag at det er Møre. Arthur vart hærførar av Britannia etter å ha drege sverdet “Excalibur” ut av steinen det stod i.

Arthur sin næraste rådgjevar, trollmannen Merlin, var med på kongen sine reiser, også då han enda sine dagar på øya der skatten ligg. Kongen møter kjærleik, motstand, svik og siger på sine reiser. Med seg på si siste reise har han og ei gruppe nonner som pleier han etter at han tapte og vart såra i siste kampane i heimlandet.