Kva er Rosenlund Hamn?

Rosenlund Hamn er ein marina og restaurant/pub på Sandshamna. Rosenlund har gjestebrygger og rom for overnatting, samt bobilplassar. I tidlegare tider var det fiskemottak, butikk og anna på denne staden. Dei eldste bygningane vart oppført før 1900.

Slik staden ser ut i dag, skriv seg tilbake til dei siste tre tiåra. Det har vore drive marina og restaurant sidan slutten av 90-talet. Rosenlund Hamn AS vart etablert i 2019, og har planar om eit utbyggingsprosjekt som blant anna skal omfatte ein stor auke i overnattingskapasitet.

OBS! Rosenlund er ikkje ope anna enn når det er annonsert på facebook.com/RosenlundHamn/.