Dollsteinhola

Dollsteinhola

På den vestlegaste pynten av Sandsøya ligg den karakteristiske Dollsteinen med bratte fjellsider mot sjøen. På sørsida, omlag 60 meter over havet, er opninga til Dollsteinhola, som truleg er den største og merkelegaste fjellhola i Norge. Den er vide kjend frå langt tilbake i historisk tid. Det er såleis fortalt at Orm Torolvson frå Island kom for å hemne drapet på fostbror sin, Asbjørn Prude frå Hordaland som risen Bruse i Dollsteinhola hadde drepe. Ragnvald Kale Orknøy-jarl var her først på 1100 talet. Det er fortalt at han sumde over vatnet i botnen av hola. Dollsteinhola er nemnd i det engelske bokverket Encyclopedia Britannica frå før 1800. Der er det sagt at hola går under havet til Skottland, men at det er ei segn. Det er gjort utgravingar som syner at det har budd folk i hola ein gong i tida.


Dei som har vitja hola i våre dagar vil nok finne desse gamle skildringane litt underlege. Det vert også diskutert om hola kan ha endra seg. I dag ser den ut som ei kløft der botnen skråar omlag 45 grader til den flatar ut 30m lavare. Innafor opninga utvidar hola seg, mest vertikalt, men også eindel i breidda. Lenger inne ligg ei steinur som deler hola i to. Det er muleg å ta seg gjennom denne steinura og ein kjem så inn i den inste delen av hola. Den er i likheit med første delen omlag ti meter brei og svært høg, og kan nok minne om ei kirke. Total lengde er omlag 185 meter. Det vert fortalt at det har vore både sunge, tala og messa her. For få år sidan hadde eit lokalt kor ein konsert i denne “kyrkja”. Det var ein mektig opplevelse for dei som var til stades. Overalt på veggane har folk rissa inn namn og datoar frå langt tilbake i tida.


Herøypresten Stevelin Reutz har gjeve ei skildring av hola etter eit besøk i 1743: Inngangen var godt og vel mannshøg. Innafor der var det “langt højere og bredere end Herøe Kirke”, slette bergvegger og taket runda som ein kvelving. Lenger inne og nede vart hola smalare og lågare og dei høyrde havet skole utanfor. Dei gjekk endå nokre steg ned, og hola vart trongare. Så våga dei ikkje gå lenger, men kasta ein stein ned og høyrde ekkoet av nedslaget over eit minutt, men kunne ikkje seie om steinen fall i vatn eller jord. To talglys brende dei ut på turen,”hvoraf kand sluttes at Hulen maae være lang”.


Frå Skare går ein merka sti langs sjøen i litt ulendt terreng. Her står storhavet på og kan vere ein mektig opplevelse i ruskever. Turen ned i hola går stort sett greit, men gjennom steinura må ein både klatre og krype. Ein bør ikkje vere plaga av klaustrofobi og livmålet må ikkje vere for stort. Ein treng godt fottøy fordi terrenget er ulendt og til tider vått. På grunn av krypinga må kleda tole å bli både våte og tilgrisa.


For guiding, ta kontakt med Atle Beitveit på telefon 915 11 134.

Kong Arthur Spelet